No har skuleåret bynt for fullt. Me starta med eit par prosjekt innan mediedesign og avis. Akkurat no er det film. Det er utruleg kjekt å arbeide med, og det skal bli kjekt å sjå resultatet :D
Men innimellom desse prosjekta må me ha litt entreprenørskap. Når eg høyrer ordet entreprenørskap, så tykkjer eg at det høyrest så voldsomt vakse ut, og eigentleg litt kjedeleg. Men då skal eg fortelle dikka at det er eigentleg heilt motsatt!! Entreprenørskap per dags dato, er nesten meir for ungdommar enn vaksne. I alle fall slik eg sjølv opplever det.
Meininga er at me skal lære om korleis det er å starte ei bedrift, være gründera/sjølvstendige næringsdrivande. Og det er jo ikkje nokon oppskrift på dette!! Ein kan rett og slett nesten finne på sjølv kva ein vil gjere, men ein må kunne lære noko ut av det. Det klassen min har gjort (2MKA), er å starte ei eiga bedrift, Mediaverket, der me tek imot oppdrag frå andre bedrifter og privatpersonar som kanskje vil ha ein logo eller ei nettside til bedrifta si eller til noko anna.
Pengane som me får inn frå bedrifta vår + andre ting, kjem til å gå til ein London-tur i mars/april. Dette er ein klassetur der me får oppleve masse, både fagleg, sosialt og kulturelt. Eg gledar meg noko heilt utruleg, for eg har aldri vore der før, og det er så mykje eg vil oppleve!! Men problemet er jo at me kan ikkje oppleve alt, det er det rett og slett ikkje tid til... Men det er nettopp her eg og nokre andre klassekameratar, Sigrid og André, kjem inn. Me driv på å lage eit oppsett på kva me skal gjere der borte. Me gjer vårt beste for å finne dei kjekkaste og morsomste og mest interessante fasilitetane der borte, men kom gjerne med innslag på kva me kan gjere!! London er jo stooort!!!
Eg gledar meg i alle fall kjempemykje!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

4 kommentarer:
Veldig givande!=) dette var bra!
Detta var bra! Eg lika at du skrive so mykje om eigne meiningar. Du virkar entusiastisk og det var kjekt å lesa :)
GRATULERA ME DAGEN :D:D
Fin oversikt over ke me ha gjort so langt :)
GRATULERA MEG DAGEN HER! eg gjentar, givande.
Legg inn en kommentar