mandag 26. januar 2009



Hei!
Her er eit banner som eg har laga.
Det er for fjellsportfestivalen 2009.

torsdag 8. januar 2009

PORTEFOLIE

AVISREPORTASJE

OPPGÅVA
Oppgåva til dette prosjektet var å lage ein avisreportasje eller ein nyhendeartikkel. Eg valte det første, og byrja å leite etter emner å skrive om. Det enda med at eg skreiv om 3IDA(idrett), ein klasse på skulen, som var på surfetur til Stad. Produktet består av ingress og brødtekst med bilete. I tilegg skreiv eg ein undertekst, der eg prata med ein elev om turen. Fekk forskjellige synspunkt frå han, + opplevingar frå turen, og valte å ha det som ein liten undertekst.

AVISK
Ei utfordring som finst i alle prosjekt er korleis ein skal få mottakarane til å bli interessert. Kva skal til for at dei skal lese vidare? For å komme litt på veg tok eg i bruk AVISK. Aktuell, Vesentleg, Identifiserande, Sensasjonell og Konflikt. I mitt tilfelle brukte eg aktuell, vesentleg og identifiserande. Det har også ein viss sensasjonalitet over seg ,ved at ein skuleklasse reiser på surfetur. Saken var veldig akutell, for klassen hadde nett komme att frå turen. Saken var vesentleg, den viser godt kva saken handlar om noko som gjer at den er enkel å forstå for alle. Eg trur at det er mange som kan identifisere seg med desse ungdommane som reiste. Mange er interessert i idrett, og kanskje nettopp surfing, og kan difor identifisere seg med personane i reportasjen.


LÆREPLANMÅL
Eit læreplanmål som eg brukte er: "å bruke grunnleggjande arbeidsmetodar innan reklame, informsjon og journalistikk." Eg føler at dette er veldig relevant med tanke på produktet mitt, sjølv om det ikkje har noko med reklame. Eg brukte arbeidsmetodane innan journalistikk(ved å skrive artikkelen; ingress, brødtekst, avsluttning osv.) og informasjon. Det andre læreplanmålet som eg tykkjer har noko med dette produktet er: "bruke dramaturgi og forteljeteknikkar ei eigne medieproduksjonar." Dette er relevant for eg har måtte laga min eigen tekst, der eg sjølv vel korleis eg vil byggje opp teksten, korleis eg vil framstille intervjuobjekta og ikkje minst korleis eg vil fortelje historia. Korleis eg skal få fram bodskapen i produktet som eg lagar.

PRODUKSJON
Når eg skulle byrje å skrive reportasjen, måtte eg ha all informasjon i boks. Den første som eg prata med var Lars Olav Halleråker, som var ein lærar som var med på turen. Han var den personen som kom med generell fakta om turen. Han fortalte t.d. om korleis det er å surfe og korleis det er å ha med ein klasse på ein slik tur. Deretter intervjua eg nokre elevar som var med. Dei fortalde entusiastisk om korleis turen var og kor kjekt det var. Kjekt å intervjue dei! Desse intervjua brukte eg til å skrive hovudsaken, der eg skifta mellom intervjua og meiningar. Føler at det vart to gode kombinasjonar, som gjorde saken. I tillegg skreiv eg ein undersak der eg intervjua ein elev. Han fortalde om opplevingane han hadde på turen, kva dei gjorde og korleis han tykte det var. Når eg skreiv saka, skreiv eg undersaka som ein undersak. Men når den kom i avisa så vart den på ein på i saken, ikkje som ein undersak. Men det gjorde eigentleg ingenting, for det var bra at saken vart vist frå fleire synspunkt og fleire personar.


DEN OMVENDTE TREKANTEN
Den omvendte trekanten er eit bilte på korleis ein skal bygge opp noko ein skriv, som t.d. ein artikkel eller reportasje. Den viser oss at ein skal byrje med det viktigaste, slik at ein eventuell redaksjon kan kutte den ned frå slutten viss den er for lang eller liknande. Den passar best til nyhendeartiklar, men eg fekk god bruk for den og, sjølv om eg skreiv reportasje.


UTFORDRING
Eg hadde ein liten utfordring; eg var ikkje med på turen sjølv. Dette gjorde til at eg ikkje tok bileta sjølv, og kunne heller ikkje skildre omgjevnadene som t.d. naturen, eller ansiktsuttrykka til elevane som var med. Dette hadde sjølvsagt gjort saka annleis, meir levande, og kanskje betre. Det var elevane og lærarane som hadde teke bileta, og det var dei som hjalp meg med å skildre det som var rundt dei. Dei var som eg har sagt før ei veldig god hjelp! Dette var faktisk ein ganske så stor utfordring, men sidan eg rett og slett ikkje hadde noko val, gjorde eg det beste ut av det! Eg tykkjer dette er det beste skrivne journalistiske produktet eg har laga her på media. Kjekt å få det i avisa!!

LOGO
Her er logoen:

OPPGÅVA
Den eigentlege oppgåva i dette prosjektet var å lage ei nettside på ein tentamen. Dette er logoen som eg laga til denne nettsida. Logoen er til noko som heiter Ungdomsbasen. Dette har sjølvsagt noko med ungdommar å gjere, så det var viktig for meg å få ungdommar til å bli interessert, og fortsette på nettsida. I tilegg valte eg å bruke den forrige logoen som ungdomsbasen hadde, og utforme min eigen.

LÆREPLANMÅL
Eit læreplanmål som er relevant er: "bruke aktuelle teknikkar for idéskaping og idéutvikling innan tekst, lyd og bilete eller kombinasjonar av dei". Dette er veldig sentralt for alle prosjekt som blir gjort, særskilt grafiske produkt. Først må ein forme seg ein idé og lage skisser, og seinare utvikle og praktisere ideén. Eg brukte teknikkar for tekst og bilete. Eg brukte bilete for å illustrere kva teksten handla om, slik at det var lett fortåeleg for alle kva kvar aktivtet handla om. Eit anna læreplanmål som er relevant for prosjektet mitt er: "bruke relevante metodar for kvalitetssikring av eigen arbeidsprosess og eige produkt". Skal ein lage ei nettside er det klart det må vere god kvalitet på den. Også kvart grafiske bilete, vanlege bilete og tekst må vere god kvalitet på. Difor er det klart at det er viktig at logoen min vart bra.

PRODUKSJON
Som eg har sagt tidlegare brukte eg den gamle logoen til Ungdomsbasen for å utforme min eigen og bruke den som inspirasjon. Eg valte å ha den i fokus slik at det er det første brukaren legg merke til, og kanskje hugsar kva logoen høyrer til viss personen ser den seinare. Logoen hadde så klart mykje med nettsida å gjere, og vala som eg tok er mykje grunna nettsida. Eg valte å ta menyen rett under logoen, eigentleg som ein del av logoen. Då består altså logoen av namnet på ungdomsbasen, aktivitetar dei tilbyr og bilete som illustrerar kvar aktivitet. Den gamle logoen til Ungdomsbasen er rund, så for å få litt forskjellige former, men og litt balanse i det, laga eg ei linje under den runde logoen, og bilete med aktivitetar under der igjen. Dette tykkjer eg gjorde logoen samla og heil. Heilskapen kom fram. Hovudfargen min er oransje, for det var gamlelogoen frå før. Det er ein farge som dei som kjenner til Ungdomsbasen frå før, veit om, og kjenner. Det er også ein farge som er lett å hugse, for den er såpass sterk og kraftig.
Eg er godt nøgd med denne logoen!


RADIOREPORTASJE


OPPGÅVA
Eg og Anders var på gruppe ilag når me laga denne produksjonen. Men me redigerte kvar for oss, så det er litt foskjell på dei. Oppgåva var å lage ein aktuell radioreportasje om saker som skjer rundt om. På denne tida var det nettopp ein kafé i Leikanger som hadde opna, så då valte me å lage ein reportasje om det. Det første me gjorde var å høyre med eigaren av kafeén, Jonathan, om det var greit at me gjorde det. Han var interessert, så me begynte! Me reiste til kafeén, som heiter Café Herman, og intervjua Jonathan. Han prata mykje og fortalte alt om planlegginga og ideén, bakgrunnen hans osv. Han er amerikansk, så det var litt vanskeleg for han å prate norsk, så mykje av intervjuet føregjekk på engelsk. Eg tykte det rett og slett gjorde reportasjen litt sjarmerande og morsom! Etter me prata med han prata me med eit par gjestar, kva dei tykte om maten, lokalet og folka. Seinare intervjua me ein servitør som jobba der. Ho var flink til å prate om kva ho gjorde osv. Alle desse intervjua gjorde saka, og alle var gode intervjuobjekt!

BLOKKER
Seinare var det tid for blokkelaging. Det er ein liten utfordring i seg sjølv, for det er ikkje alltid like enkelt å ha korte og presise, men informative setningar, som gjer det enkelt for lyttaren å skjønne kva saka handlar om. Men me fekk det til, mykje ved hjelp av kvarandre. På sånne ting er det ganske greitt å vere to, slik at me kan komme med innspel og hjelpe kvarandre med blokker. Men i dette tilfellet valte me å ha dei same blokkene, men at me las det forskjellig og kvar for oss. Ei anna utfordring var det lokalet me intervjua Jonathan i. Det var i kafeén, og det var mange folk og ein del støy, så det vart det ein del av på opptaket, men det er enkelt for lyttaren å skjønne kvar me er, og enklare for lyttaren å identifisere seg.

LÆREPLANMÅL
Eit læreplanmål som er relevant med radioreportasjen er: "formidle bodskap tilpassa forskjellige målgrupper." Det var viktig at me hadde "kontroll" på kven bodskapet skulle nå, slik at oppfatningane og meininga vart rett. Målgruppa var både ungdom, vaksne, folk som er glad i mat, kaffi osv. Eit anna læreplanmål er "velge lyd i forhold til bodskapet." Det å ha rett kontentum og lydar slik at meininga ikkje blir feiloppfatta, er noko som ein må ha i bakhovudet under produseringa. Korleis skulle folk elles skjønne kva saka handlar om?

Eg tykkjer denne radioreportasjen er god, litt ting som kunne forbetrast, men alt i alt god. Den absolutt beste radioreportasjen eg har laga!

Det er litt problem med lasting av reportasjen, så den kjem seinare!

mandag 8. desember 2008

Entreprenørskap 2

Hei, igjen!

No ha me gjort mykje med bedrifta vår. Me har fått mange oppdrag, og til sammen ha me hatt 21!! Det er jo heilt utruleg!!
Men det har jo sjølsagt ikkje vore enkelt å gjort dette. Me har måtta planlagt nøye det som me skulle gjera. For at dette skulle fungere, så måtte me få struktur og eit system på det. Difor har me delt oss i grupper, som har ansvar for kvar deira ting: Grafisk design, hendingar, foto og ansvar for økonomi.

Eg har vore med i "hendingar/events-gruppa", der eg og tre andre har jobba med ein teaterfilm. Me hadde fått i oppdrag å filme eit teaterstykke som Teater Trump skulle ha på ein skule. Då var det litt å planlegge. Me måtte ha transport, utstyr og ikkje minst folk. Men eg tykkjer at alt gjekk eigentleg som planlagt, litt småting her og der, men ein kan ikkje forvente anna. Me var ikkje ferdige etter at me hadde filma, me måtte også redigere. Dette er me endå ikkje heilt ferdige med, men reknar med at me blir det i morgon.

Det som for min del var litt ekstra med dette oppdraget var at eg vart teken ut som "leiar". Det var litt skummelt i begynnelsen, men etterkvart gjekk det berre bra. Eg hadde ansvar for å få med meg folk, og avtale med kunden. På ein måte ta ansvar der det trengdest. Men eg hadde ei så flinke og praktfull gjeng med meg, så det var ikkje ofte eg måtte det!!!

No driv me som sagt å redigera, satsar på at me blir ferdige i morgon. Så eg slappar ikkje av endå. Det kjem eg heller ikkje til å gjere før kunden har fått produktet! Det er det som gjer det å vere leiar litt skummelt, det at du alltid må passe på at alt blir gjort, og viss noko går gale, må du ta ansvar. Difor kan eg ikkje sleppe taket heilt før alt er i boks. Men eg må seie at det å vere leiar gir voldsomt gode erfaringar, sjøl om det ikkje er heilt dei store jobbane. Det gir mykje læring som eg tek med meg vidare!!

Men det er ikkje berre skummelt og ansvarsfullt. Det er også veldig kjekt og artigt når du får det til!!! Eg og ei anna som var på gruppa, Stine Mari, har jobba ilag med redigeringa, og me har vore heilt i taket kvar gong me har fått til det me ville!! Då er det berre kjekt!!!

Eg er glad me starta ei bedrift. I begynnelsen såg eg litt mørkt på det, for me hadde ikkje fått inn så mykje peng, det var ikkje system og motivasjonen var litt nede, men no er det så mykje bedre!! Me jobbar godt ilag alle sammen, og er ivrige på å tene peng! No er det berre kjekt!! Gledar meg til å vere med vidare :D

mandag 27. oktober 2008

Entreprenørskap

No har skuleåret bynt for fullt. Me starta med eit par prosjekt innan mediedesign og avis. Akkurat no er det film. Det er utruleg kjekt å arbeide med, og det skal bli kjekt å sjå resultatet :D

Men innimellom desse prosjekta må me ha litt entreprenørskap. Når eg høyrer ordet entreprenørskap, så tykkjer eg at det høyrest så voldsomt vakse ut, og eigentleg litt kjedeleg. Men då skal eg fortelle dikka at det er eigentleg heilt motsatt!! Entreprenørskap per dags dato, er nesten meir for ungdommar enn vaksne. I alle fall slik eg sjølv opplever det.

Meininga er at me skal lære om korleis det er å starte ei bedrift, være gründera/sjølvstendige næringsdrivande. Og det er jo ikkje nokon oppskrift på dette!! Ein kan rett og slett nesten finne på sjølv kva ein vil gjere, men ein må kunne lære noko ut av det. Det klassen min har gjort (2MKA), er å starte ei eiga bedrift, Mediaverket, der me tek imot oppdrag frå andre bedrifter og privatpersonar som kanskje vil ha ein logo eller ei nettside til bedrifta si eller til noko anna.

Pengane som me får inn frå bedrifta vår + andre ting, kjem til å gå til ein London-tur i mars/april. Dette er ein klassetur der me får oppleve masse, både fagleg, sosialt og kulturelt. Eg gledar meg noko heilt utruleg, for eg har aldri vore der før, og det er så mykje eg vil oppleve!! Men problemet er jo at me kan ikkje oppleve alt, det er det rett og slett ikkje tid til... Men det er nettopp her eg og nokre andre klassekameratar, Sigrid og André, kjem inn. Me driv på å lage eit oppsett på kva me skal gjere der borte. Me gjer vårt beste for å finne dei kjekkaste og morsomste og mest interessante fasilitetane der borte, men kom gjerne med innslag på kva me kan gjere!! London er jo stooort!!!

Eg gledar meg i alle fall kjempemykje!!!

onsdag 21. mai 2008

Hei:D

No e prosjektet ferdig. I går var det eigentleg berre å brenne eventyret ut på ein cd, og skrive rapporten. Det er godt å vere ferdig, men og litt trist:( Det har vore eit kjekt prosjekt å jobbe med , og då er det litt vemodig når eg ikkje får jobba med det meir. Menmen...Kan jo alltids lage fleire radioteater:D

Her e nåken bilde av Pannekaka;)



mandag 19. mai 2008

Hey:D

Akkurat no drive eg å legge radioteateret mitt innpå clickcaster.com. Eg ska komma med sida seinare. No nærma da seg slutten på detta prosjektet:( Da e berre idag og i måro atte. Men eg ska ha ein framføring på onsdag om prosjektet, so da kan jo bli morsomt:-S Grua meg litt, fur eg vait ikkje heilt korleis eg ska formulera meg på, og korleis eg egentle ska legga fram detta prosjektet. Eg må prøva å få mest fagleg inn, men da e vanskele å vita kva for faglege ting eg skal ha. Da står liksom ikkje so mykje om radioteater i bøkene...Men eg får vel prøva å gjera presentasjonen interessant og kanskje litt morsom...I vert fall slik at folk ikkje sovna!!!

Eg kjemme tilbake seinare for å legga sida der radioteateret e, viss da går.

Hade:D

søndag 18. mai 2008

Hai:D

På fredag vart eg ferdig med eventyret!! Redigering og alt!!!
Da va superherle. Da ha vå veldig morsomt å jobba me detta prosjekte. Viss da e nåken som ha lyst til å prøva nåke nytt, so anbefala eg radioteater! Kjempekjekt og interessant. Eg trudde at redigeringen kom ti å bli kjedele og vanskele, men eg storkoste meg når eg satt og redigerte. Intro-melodien og slutt-melodien va morsom å "laga". Eg hakje laga han frå botnen av, men eg ha satt den sammen:D
Da besta med heile prosjektet va å høyra da til slutt. Vita at eg faktisk ha laga da sjøl! Men eg merka at når eg gjekk ut av redigeringsrommet på fredag for å gå heim, kjente eg ein klump i halsen. Da va litt trist å ikkje jobba med da lenger:(
Men eg kan jo alltids laga fleire;)

Det er nokre plassar det er litt støy i opptaka. Støy er uønskt lyd, so da e ikkje so bra;) Eg ha ikkje gjort nåke for å få det vekk, for eg trur ikkje da går. Men eg tenkte at eg skulle prøva. Men etter andre erfaringar, so veit eg at da e vanskeleg. Men eg må i tilfelle gjera da raskt, for innleveringen e på tysdag:-S

Eg ska prøva å få lagt radioteateret mitt innpå clickcaster.com når eg kjemme på skulen i måro. Då får dan so vil høyra eventyret.

Mi snakkast:D