Hei, igjen!
No ha me gjort mykje med bedrifta vår. Me har fått mange oppdrag, og til sammen ha me hatt 21!! Det er jo heilt utruleg!!
Men det har jo sjølsagt ikkje vore enkelt å gjort dette. Me har måtta planlagt nøye det som me skulle gjera. For at dette skulle fungere, så måtte me få struktur og eit system på det. Difor har me delt oss i grupper, som har ansvar for kvar deira ting: Grafisk design, hendingar, foto og ansvar for økonomi.
Eg har vore med i "hendingar/events-gruppa", der eg og tre andre har jobba med ein teaterfilm. Me hadde fått i oppdrag å filme eit teaterstykke som Teater Trump skulle ha på ein skule. Då var det litt å planlegge. Me måtte ha transport, utstyr og ikkje minst folk. Men eg tykkjer at alt gjekk eigentleg som planlagt, litt småting her og der, men ein kan ikkje forvente anna. Me var ikkje ferdige etter at me hadde filma, me måtte også redigere. Dette er me endå ikkje heilt ferdige med, men reknar med at me blir det i morgon.
Det som for min del var litt ekstra med dette oppdraget var at eg vart teken ut som "leiar". Det var litt skummelt i begynnelsen, men etterkvart gjekk det berre bra. Eg hadde ansvar for å få med meg folk, og avtale med kunden. På ein måte ta ansvar der det trengdest. Men eg hadde ei så flinke og praktfull gjeng med meg, så det var ikkje ofte eg måtte det!!!
No driv me som sagt å redigera, satsar på at me blir ferdige i morgon. Så eg slappar ikkje av endå. Det kjem eg heller ikkje til å gjere før kunden har fått produktet! Det er det som gjer det å vere leiar litt skummelt, det at du alltid må passe på at alt blir gjort, og viss noko går gale, må du ta ansvar. Difor kan eg ikkje sleppe taket heilt før alt er i boks. Men eg må seie at det å vere leiar gir voldsomt gode erfaringar, sjøl om det ikkje er heilt dei store jobbane. Det gir mykje læring som eg tek med meg vidare!!
Men det er ikkje berre skummelt og ansvarsfullt. Det er også veldig kjekt og artigt når du får det til!!! Eg og ei anna som var på gruppa, Stine Mari, har jobba ilag med redigeringa, og me har vore heilt i taket kvar gong me har fått til det me ville!! Då er det berre kjekt!!!
Eg er glad me starta ei bedrift. I begynnelsen såg eg litt mørkt på det, for me hadde ikkje fått inn så mykje peng, det var ikkje system og motivasjonen var litt nede, men no er det så mykje bedre!! Me jobbar godt ilag alle sammen, og er ivrige på å tene peng! No er det berre kjekt!! Gledar meg til å vere med vidare :D
mandag 8. desember 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)
